søndag 16. mars 2014

Den største gleda

11.03.2014


Vann konkurranse, gav tv til barneavdelinga

​​
Då Oddlaug Fonn Skaar vann ein julekonkurranse, tenkte ho på barneavdelinga ved Førde sentralsjukehus. ​Slikt blir det ny flatskjerm og DVD-spelar av. 
  ​
I adventstida hadde Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) ein kalenderkonkurranse. Førstepremien vann Oddlaug Fonn Skaar frå Breim, som dermed fekk fem tusen kroner som ho kunne gje vidare til ei valfri god sak i Sogn og Fjordane.



Valet hennar fall på barneavdelinga, som tysdag fekk overlevert ein ny flatskjerm, DVD-spelar, naudsynte kablar og ein solid bunke barnefilmar.
- Vi er veldig glade for at Oddlaug tenkte på oss, og valde å gje premien til barneavdelinga her, sa konstituert seksjonsleiar på avdelinga, Jorunn Sollid, då ho og kollegane fekk gåva overrekt tysdag føremiddag.
Dei fleste av enkeltromma på avdelinga har allereie tv, medan fleirsengsromma ikkje har.

Takksam tv-donor

- Dette er blant anna fordi det ofte ikkje passar for alle at det står ein tv på i desse romma. Men no plasserer vi den nye tv'en på eit trillebord, slik at vi kan trille den inn og ut på desse romma ettersom det høver, seier Sollid.

Vinnar Oddlaug Fonn Skaar var ikkje til stades under overleveringa av gåva, men seier til SFE at ho gler seg over å kunne bidra til at barn får det litt betre under sjukehusopphaldet:
- Eg vart med i konkurransen fordi eg likte bodskapen med «den største gleda ein kan ha er å gjere andre glad». Og at det var akkurat eg som fekk moglegheita til å glede andre,​ gjer meg veldig takksam, seier den glade vinnaren. 


Opprettet: 11.03.2014 11:25 av Marifjæren, Per
Sist endret: 11.03.2014 11:58 av Marifjæren, Per

lørdag 8. mars 2014

Kindness to a stranger. 1

Mitt nye prosjekt, er å intervjue folk om snillhet og legge desse intervjua ut på bloggen.

Videoen som følger, er fra ei omsorgsfull kvinne fra Sunnfjord. Kanskje du blir inspirert?